Dagen derpå-Nordsjørittet 2010

Etter fjorårets Nordsjøritt blei det sagt;"Neste år, då blir veret godt, for det kan ikkje bli verre". Me hadde kava oss gjennom løypa i sol og sterk vind.

Lørdag 12.juni 2010, skulle visa seg ifrå ei heller lite gjestmild side vermessig. Uansett kor mykje eg la godviljen til - det blåste godt allerede kl.06.00, og uansett kor mange gonger eg sa til meg sjølv:"Det blir nok opphald til starten går", så regna det like fullt då startskuddet smalt.

"Lytt til erfarne fjellfolk" lyder ein kjent regel, og sanneleg hadde erfarne vermeldere rett i sine prognoser. Alle Nordsjørittdeltakere måtte belaga seg på kuling, regn og låg temperatur.

På Jærbanen hadde nok ikkje sykkelregelen om å halda til høgre, heilt fått festa seg hjå den enkelte. Det blei litt køgåing i byrjinga- men det kom seg etterkvart.

Det gjekk bra dei 2 første mila- etter klokka så var eg i rute.

Resultatmessig var målet, om ikkje å gjera det så mykje betre så i alle fall ikkje dårlegare enn fjoråret. Noko eg hadde stor tru på var oppnåeleg. Lite visste eg då om forholda vidare i løypa. Langs sjøvegen på Brusand forstod eg at dette kom til å bli ein stri tur. Sjøen gjekk kvit på toppane-eg låg først i ei gruppe og det var ein fælsleg vind. R 44 mot Brusand sentrum- eg var åleina igjen. Det suste i øyrene og snuen rant.

Eg fant rytmen opp mot Vannavatnet-noko eg dessverre ikkje klarte å finna føregåande helg under gjennomsykling av løypa.

Svolten byrja å gjera seg gjeldande- men avdi hanskane var klissgjennomvåte og fingrane gjennomkalde- var det knøtt umogleg å navigera i baklommen på jakken for å få fatt på den første av totalt 3 matpakker. (Ja, det var gleda i heimen når mor hadde kjøpt Nugatti, i anledning Nordsjørittnistepakke).

Etter å ha "ramla" x-antall gonger gjennom eit sorpeparti, blei Vannavatnet drikkestasjon første stopp. Det er flott at serveringspersonell er velvillig til å bistå frosne syklister (eller var det terroristar?) med å framskaffa medbragt nistepakke.

Strategien min på dette tidspunkt var å "ringe ein venn" for å koma med klesskift til Hå GP. Det skulle visa seg at det var særdeles vanskeleg å få fatt på mobilen (i den venstre baklommen)- og måtte konstatera at fingrane ikkje var eigna til å trykka på dei små tastane på den hendige mobiltelefonen. Resultat; Strategi omplanlagt.

Med klaprande tenner, kalde og våte tær og hender, gjekk turen vidare. Det var på dette tidspunkt at ordet;BRUTT dukka opp i tankane mine. Eg innsåg nå at fjoårets tid var langt utanfor rekkevidde. I neste tankeøyeblikk såg eg for meg navnet mitt på resultatlisa med BRUTT/IKKJE FULLFØRT under kolonnen for anvendt tid. Det var ikkje eit lystig tankebilete. Det ville blitt rimeleg mange(bort)forklaringar på spørsmål som unekteleg vill bli stilt:"Keffor braud du"? Nei, her var det bare å gjennomføra- å koma seg til Sandes med æra i behold!

Med vinden som den ivrigaste motstandar bar det til HGP. Opplegget med å satsa på velvillig funksjonærassistanse for å framskaffa nødvendig næring, fungerte utmerka på dette avbrekket på turen nordover. Når sant skal seiast, så hadde eg ein stopp til her nede ved sjøkanten. Det kom meg i hug at provianten som skulle ta med opp på Jærens topp, Tinghaug, låg trygt forsegla inni papiret sitt, i baklommen på jakken. Ei god venninne, som hadde tilbrakt nokre ekstra timar i strandkanten i påvente av å heia meg fram over hengebrua, hjalp til med å fjerna innpaking på enegipakken og la den deretter godt til rette i den HØGRE baklommen.

Den kan prøva den som vil, men å sykla åleina ifrå Nærland til Kåsen i kuling og regn- tek på kreftene til sjølv ei superhusmor.

Den frykta bakken- og den siste kraftanstrengelsen gjekk greitt- og det blei nok ein matpause på toppen.

Resten av turen- plankakjøring. Følte meg sjikkeligt på heimabane.

Frøylandsvatnet med ein og annan syklist- i ly for vinden og fulesang. Men, då var håpet om å illefall klara å koma under 5 timar,uoppnåeleg.

Gleda over å ha kome i mål og skuffelsen over prestert tid- begge er ubeskrivelege. Støtteapparatet i heimen (les;Mannen) forstod at her måtte det trøst til for å begrensa "skadeomfanget". Henting på Sandnes, vasking av sykkel, blomster, god middag med tilhøyrande god vin- og lys på bordet. Det kunne ikkje ha vore betre. Takk til han.

Eg stiller nok opp til start til neste års Nordsjøritt og eg er å finna på startstreken på Rena siste lørdag i august. For det er nå slik, at bare ved å delta vil eg få svar på spørsmålet;"Kan det blir verre enn dette"?

Av og til kan det vera OK å ha selektiv hukommelse.

Eg vil å gratulera alle BCK`ere med vel gjennomført Nordsjøritt- uansett resultat. THD